mandag 26. oktober 2009

Musikkvideo henta frå Youtube

Lange haustkveldar med Jan Garbarek på øyret! Høyr på denne nydelege musikken: Silence - Jan Garbarek, Egberto Gismonti og Charlie Haden. Kan det gjerast betre?

fredag 23. oktober 2009

Fagforbundet si webside på Del.icio.us

Som aktivt medlem i Fagforbundet har eg bruk for raskt å finne fram til relevante sider i fagforeiningsarbeidet. Eg søkte opp Fagforbundet i Del.icio.us og såg kva tags andre har lagt inn på sida. Eg lagra så Fagforbundet si webside i Mine bokmerker og la inn mine eigne tags. La også inn url til fleire av Fagforbundet sine sider for å kunne få meir direkte treff - på for eksempel lover. Etterpå søkte eg opp "lønn" under valet "recent" for å sjå kva treff eg fekk der. Kunne tenkt meg at når eg klikkar på ein tag, hadde den aktuelle websida opna seg i eit nytt vindauge!

Ja, her er det berre å tagge i veg...

tirsdag 20. oktober 2009

Endå ein dag med vakkert haustver. Det har vore så få av dei at eg samlar på finversdagar! Elles går det framover med Web 2.0-kurset. Korleis har eg klart meg utan Del.icio.us? Genialt! Gå gjerne inn og kikk på mine bokmerker: http://delicious.com/koksvik Få kjem til å bli mange ;)

mandag 12. oktober 2009

Flickr


Sjå mor mi på pop art poster! Vakkert!


Haust

Etter mange veker med regn, tittar sola fram igjen! Nydelege haustfargar som må nytast før mørkret tek over!

søndag 4. oktober 2009

Kurs på nett

Dette er min første blogg. Og blogging treng eg definitivt meir kjennskap til!

Sidan eg arbeider på bibliotek (!) er det ekstra viktig å vere oppdatert innan Web 2.0. Så sjølv om eg er på Facebook og har litt kunnskap om dei Ting som vi skal gå gjennom, trur eg at eg vil ha kjempenytte av kurset. Det er eit flott tiltak Østfold fyb. har sett i gong!

Eg har oppretta gmail og lagt den inn på mobiltelefonen. Det gjekk greitt. Eg har fleire epost-kontoar frå før (hotmail.com, enivest.net og forde.kommune.no) så dei som vil kontakte meg, kan kanskje bli litt forvirra etter kvart...

No er eg i gong og klar for å lære meir om blogging!