tirsdag 19. oktober 2010

Kenya

Det var fantastiske dagar i Kenya! Skulle vore der lenger. Blei ikkje heilt ferdig med landet. Sjølvsagt. Men i ettertid ser eg at vi burde prioritert fleire dagar i Kenya på bekostning av Seychellene!

mandag 27. september 2010

60 år

60 år er vel ingen alder
Posted by Picasa

onsdag 11. november 2009

Avslutning


Eg avsluttar kurset for i kveld. Reknar med at eg får tilbakemelding frå kursleiinga om det er noko eg har misforstått eller bør gjere betre i morgon! Kurset har i alle fall vore veldig lærerikt. Det har gitt inspirasjon og moglegheit til å formidle kunnskap vidare!

Min siste kurskveld?

MySpace: Eg har lagt ut profil og bilete, lasta opp musikk, musikkvideoar og filmar. Eg har førespurt kurslæraren, Jostein, om han vil vere "venn". Men sidan eg er "på" Facebook kjem eg ikkje til å bruke MySpace som ein stad å vere sosial med venner på. Derimot til å finne musikk og videoar, ja!
Facebook kan vi bygge opp vårt eige sosiale nettverk med venner, dele bilete, filmsnuttar og musikk. Vi kan følgje institusjonar som legg ut program og opplysningar om aktivitetar. Vi kan kommentere og vere meir eller mindre aktive. Kritikkverdig er det at Facebook kan brukast til å legge ut belastande informasjon om personar og slik gjerast kjent for ålmenta. Gjennom Facebook har eg fått kontakt med gamle og nye "venner", og kan lett halde kontakten. Fint at mange seniorar har fått interesse for Facebook og kan halde kontakt med den yngre generasjon!
Twitter er ein anna form for kommunikasjon mellom personar. Vi sender statusoppdateringar som blir lest av følgjarar. Kven som helst kan følgje den som legg ut oppdateringar, "twitrar". Og ein kan velje personar, venner om du vil, som ein vil følgje ut frå interesser og andre preferansar! Twitter er som SMS, eit "smalt" medium. Av og til kan (eit) twitter seie veldig lite, andre gonger alt ;)
Men som med Facebook og MySpace: Her kan ein profilere seg, halde meir eller mindre kontakt med venner (eller "venner").

tirsdag 10. november 2009

Skype

No har eg lagt inn Skype på den bærbare PC'en vår. Vi har Skype frå før på den store maskina, og hadde alt nokre Skype-kontaktar. Desse har eg lagt inn og har alt fått ein telefon frå svogeren min på Oppdal! Etter ei lang samtale, har min betre halvdel teke over samtalen med broren sin... Skype videosamtale er kjekt! Fekk til og med vist fram Herkules, katten vår, til svogeren :) Elles kan eg bruke Skype video når eg er ute og reiser og skal ha kontakt heim. Ja, ja, eg har eit abonnement på mobilen som eg ringer gratis heim på også. Men kan bruke video som litt forandring ;) Og vil ein ikkje snakke, er det greitt med chat!
Har sett litt på prisane på tekstmeldingar og til telefon, og det er jo faktisk ganske rimeleg.

søndag 8. november 2009

Reiseruter

I kveld har eg testa Google Maps. Søkte opp Vidar Koksvik, og fann at han bur på Tjura :) Rute 5 om Sogndal og Årdal, er 513 km, medan E6, om Sogndal og Lom er 573 km. Når eg køyrer til Tjura, køyrer eg om Stryn og Lom, og det er ca 600 km. Den siste ruta viste ikkje på Google Maps. Men det finst sikkert ein funksjon der ein kan legge inn preferansar??


Vis større kart

iGoogle




Har jobba med mi personlege framside. Har 3 faner: Hjem, privat og praktisk. Ville gjerne hatt veret i Naustdal og ikkje i Bergen, men det skal eg jobbe litt meir med! Her er kopiar av innhaldet i to av fanene!