tirsdag 10. november 2009

Skype

No har eg lagt inn Skype på den bærbare PC'en vår. Vi har Skype frå før på den store maskina, og hadde alt nokre Skype-kontaktar. Desse har eg lagt inn og har alt fått ein telefon frå svogeren min på Oppdal! Etter ei lang samtale, har min betre halvdel teke over samtalen med broren sin... Skype videosamtale er kjekt! Fekk til og med vist fram Herkules, katten vår, til svogeren :) Elles kan eg bruke Skype video når eg er ute og reiser og skal ha kontakt heim. Ja, ja, eg har eit abonnement på mobilen som eg ringer gratis heim på også. Men kan bruke video som litt forandring ;) Og vil ein ikkje snakke, er det greitt med chat!
Har sett litt på prisane på tekstmeldingar og til telefon, og det er jo faktisk ganske rimeleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar