onsdag 11. november 2009

Min siste kurskveld?

MySpace: Eg har lagt ut profil og bilete, lasta opp musikk, musikkvideoar og filmar. Eg har førespurt kurslæraren, Jostein, om han vil vere "venn". Men sidan eg er "på" Facebook kjem eg ikkje til å bruke MySpace som ein stad å vere sosial med venner på. Derimot til å finne musikk og videoar, ja!
Facebook kan vi bygge opp vårt eige sosiale nettverk med venner, dele bilete, filmsnuttar og musikk. Vi kan følgje institusjonar som legg ut program og opplysningar om aktivitetar. Vi kan kommentere og vere meir eller mindre aktive. Kritikkverdig er det at Facebook kan brukast til å legge ut belastande informasjon om personar og slik gjerast kjent for ålmenta. Gjennom Facebook har eg fått kontakt med gamle og nye "venner", og kan lett halde kontakten. Fint at mange seniorar har fått interesse for Facebook og kan halde kontakt med den yngre generasjon!
Twitter er ein anna form for kommunikasjon mellom personar. Vi sender statusoppdateringar som blir lest av følgjarar. Kven som helst kan følgje den som legg ut oppdateringar, "twitrar". Og ein kan velje personar, venner om du vil, som ein vil følgje ut frå interesser og andre preferansar! Twitter er som SMS, eit "smalt" medium. Av og til kan (eit) twitter seie veldig lite, andre gonger alt ;)
Men som med Facebook og MySpace: Her kan ein profilere seg, halde meir eller mindre kontakt med venner (eller "venner").

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar