søndag 4. oktober 2009

Kurs på nett

Dette er min første blogg. Og blogging treng eg definitivt meir kjennskap til!

Sidan eg arbeider på bibliotek (!) er det ekstra viktig å vere oppdatert innan Web 2.0. Så sjølv om eg er på Facebook og har litt kunnskap om dei Ting som vi skal gå gjennom, trur eg at eg vil ha kjempenytte av kurset. Det er eit flott tiltak Østfold fyb. har sett i gong!

Eg har oppretta gmail og lagt den inn på mobiltelefonen. Det gjekk greitt. Eg har fleire epost-kontoar frå før (hotmail.com, enivest.net og forde.kommune.no) så dei som vil kontakte meg, kan kanskje bli litt forvirra etter kvart...

No er eg i gong og klar for å lære meir om blogging!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar